Tilldelat.

Upphandling · Norge

Rammeavtale for snikkartenester til kommunale bygg og anlegg

Doffin-nummer
2026-116123
Status
Pågående
Land
Norge
Upphandlande myndighet
Luster kommune
Sista anbudsdag
6 november 2026
Uppskattat värde
4 000 000 NOK
CPV-huvudkod
45421000 – Snickeriarbeten
Region
Vestland
Annonsens språk
norska
Publicerad
16 oktober 2026

Luster kommune i Norge upphandlar Rammeavtale for snikkartenester til kommunale bygg og anlegg. Sista anbudsdag är 6 november 2026.

Annonsen är skriven på norska. Titel och beskrivning återges som de står i Doffin, utan översättning. Kategorin anges med CPV-kodens svenska benämning.

Bevaka liknande upphandlingar i Norge

Om upphandlingen

Bakgrunn

Luster kommune har behov for enkel og føreseieleg tilgang til snikkartenester for den løpande drifta og ved behov for mindre byggje- og utbetringsarbeid. Behovet gjeld arbeid på kommunale bygg, kommunale utleigebustadar og andre kommunale anlegg. Kommunen nyttar i dag lokale snikkartenester i varierande omfang, normalt innanfor eit årleg nivå på om lag 0,1 til 1 million kroner, men behovet kan svinge og det er ikkje grunnlag for å fastsetje noko bindande volum.

Bakgrunnen for behovet er særleg ønskje om jamn kvalitet, fleksibel kapasitet ved varierande etterspurnad, god samhandling med kommunale einingar og raskare respons når mindre oppdrag oppstår. Kommunen peikar på manglande kapasitet og at det kan vere vanskeleg å få rask respons i dag. For enkelte område har oppdragsgjevar sjølv kompetanse til å utføre arbeid, og slike oppgåver skal ikkje dekkjast av dette behovet. Reine varekjøp er heller ikkje omfatta.

Omfang av behovet

Behovet omfattar snikkartenester knytte til mindre nybygg, ombygging, utbetring og vedlikehald av eksisterande bygningsmasse. Tenestene skal først og fremst dekkje mindre vedlikehaldsarbeid, mindre nybygg på kommunale bygg og ombyggings- og utbetringsarbeid.

Kommunen har behov for at leverandør kan handtere både enkeltståande mindre oppdrag og løpande oppgåver som oppstår i den daglege drifta. Det er viktig at leverandørane kan stille med kapasitet når behov oppstår, og at kommunen får ei praktisk og enkel tilgjenge til tenestene.

For enkeltprosjekt der kostnadene vert vurdert til meir enn kr 50 000,- eks. mva for arbeid og materiell, tek oppdragsgjevar atterhald om å kunne be om pris frå fleire leverandørar.

Krav til leveranse og oppfølging

Det blir lagt vekt på god kvalitet i utføringa, rimeleg responstid og tett dialog med kommunen sin kontaktperson gjennom oppdraget. Leveransen må vere tilpassa ein driftssituasjon der mindre oppdrag ofte krev rask avklaring og effektiv gjennomføring.

Etter utført arbeid skal leverandøren levere enkel og dekkjande dokumentasjon for kvart arbeidsoppdrag i elektronisk format utan ugrunna opphald. Dokumentasjonen bør omfatte arbeidsordre med timar og materiell, avviksrapport ved endringar undervegs, samt sluttdokumentasjon med bilete og status for utført arbeid. Kommunen har behov for ryddig oppfølging per oppdrag slik at utført arbeid kan kontrollerast og følgjast opp på ein enkel måte.

Relaterat

Uppgifter: Doffin (DFØ) | Bearbetning: Tilldelat (tilldelat.se) | Publicerad i Doffin 16 oktober 2026 | Originalannons