Tilldelat.

Upphandling · Norge

Nytt biblioteksystem til vidaregåande skolebibliotek

Doffin-nummer
2026-116150
Status
Pågående
Land
Norge
Upphandlande myndighet
Møre og Romsdal Fylkeskommune
Sista anbudsdag
10 november 2026
Uppskattat värde
1 600 000 NOK
Annonsens språk
norska
Publicerad
17 oktober 2026

Møre og Romsdal Fylkeskommune i Norge upphandlar Nytt biblioteksystem til vidaregåande skolebibliotek. Sista anbudsdag är 10 november 2026.

Annonsen är skriven på norska. Titel och beskrivning återges som de står i Doffin, utan översättning. Kategorin anges med CPV-kodens svenska benämning.

Bevaka liknande upphandlingar i Norge

Om upphandlingen

Bakgrunn

Møre og Romsdal fylkeskommune (oppdragsgivar) treng nytt biblioteksystem til 20 vidaregåande skolar. Dette gjeld både skolar med skolebibliotek som låner ut eit mangfald av litteratur og materiale, og skolar som berre låner ut lærebøker.

Systemet må støtte skolebiblioteka, skolebibliotekarar og andre tilsette tilknytt skolebibliotek og/eller lærebokutlån i deira arbeidsflyt. Systemet må vere eit høveleg verktøy slik at skolebiblioteka kan skjøtte sin ansvar etter opplæringslova § 15-5 og opplæringsforskrifta § 11-2.

Generelt

Biblioteksystemet er det viktigaste arbeidsverktøyet for dei tilsette. Kjernefunksjonar er å halde oversikt over dei fysiske samlingane til biblioteket, gi oversikt over lånarar og utlån, og tilby eit søkjegrensesnitt for tilsette og brukarar. Biblioteksystemet er òg inngangsporten til samlinga for publikum, og det er difor sentralt at brukargrensesnittet er funksjonelt og tilgjengeleg.

Det er viktig at biblioteksystemet tar omsyn til dei til ei kvar tid gjeldande reglane for GDPR og har fokus på informasjonstryggleik.

Oppdragsgivar ønskjer å skaffe standard hyllevare der tilpassing til behov blir gjort gjennom konfigurasjonar av løysingane til leverandør, ikkje gjennom utvikling. Biblioteksystemet skal vere på norsk.

Føremål og omfang

Det er totalt 20 offentlege vidaregåande skolar i Møre og Romsdal fylkeskommune. Av desse skal 18 vidaregåande skolar ha nytt/eige biblioteksystem. Dei to skolebiblioteka som ikkje skal ha biblioteksystem, har avtale med det lokale folkebiblioteket om felles drift. Desse to er likevel inkludert i konkurransen med opsjon.

Dei 18 vidaregåande skolane nyttar i dag Bibliofil. Skolebiblioteka har åtskilte databasar med eigne metadata og eiga samlingsstruktur. Det er ønskeleg at nytt biblioteksystem kan bidra til at skolebiblioteka utviklar tettare samarbeid og felles driftsrutinar. Ein sentral del av konkurransen handlar difor om høvet til å samle og reinse metadata skolane no har kvar for seg, til ein felles katalog der biblioteka i størst mogleg grad berre treng å gjere arbeidsprosessar éin gong. Det mest sentrale i eit slikt fellesskap er lærebøkene. Felles katalog for andre materiale er difor tatt inn i konkurransen med opsjon.

Mål med anskaffinga

Oppdragsgivar har som mål å sikre ei effektiv og innovativ drift og utvikling av biblioteka ved at biblioteksystemet:

dekkjer alle kjernefunksjonar for drift av eit moderne skolebibliotek

har effektive og automatiserte arbeidsprosessar

støttar innovativ utvikling av tenestetilbodet til skolebiblioteka

støttar aktiv formidling

støttar gode og optimaliserte tenester for elevar, skolebibliotekarar og tilsette elles

kan tilpassast lokale tilhøve

er open og kan integrerast med andre system og løysingar

tilbyr eit raskt og stabilt system som alltid er tilgjengeleg

har gode løysingar for felles drift og samarbeid, med lokale tilpassingar

Relaterat

Uppgifter: Doffin (DFØ) | Bearbetning: Tilldelat (tilldelat.se) | Publicerad i Doffin 17 oktober 2026 | Originalannons