Tilldelat.

Upphandling · Norge

Generalentreprise, Bankbygget i Åmot

Doffin-nummer
2026-106782
Status
Tilldelat
Land
Norge
Upphandlande myndighet
Vinje Kommune
Sista anbudsdag
15 maj 2026
Uppskattat värde
10 000 000 NOK
CPV-huvudkod
45000000 – Anläggningsarbete
Region
Telemark
Annonsens språk
norska
Publicerad
15 april 2026

Vinje Kommune i Norge upphandlade Generalentreprise, Bankbygget i Åmot. Anbudstiden gick ut 15 maj 2026.

Annonsen är skriven på norska. Titel och beskrivning återges som de står i Doffin, utan översättning. Kategorin anges med CPV-kodens svenska benämning.

Bevaka liknande upphandlingar i Norge

Om upphandlingen

Vinje kommune skal gjennomføre ei omfattande rehabilitering og ombygging av Bankbygget i Åmot sentrum, gnr./bnr. 35/110. Bygget rommar både offentlege og private verksemder, mellom anna banklokale i plan 1, og prosjektet skal difor gjennomførast med omsyn til drift i delar av bygget.

Tiltaket omfattar hovudsakleg innvendig ombygging av areal i både første og andre etasje. Arbeida inkluderer oppgradering av inngangsparti, etablering av nytt overbygd hovudinngangspunkt, ombygging av garderober og toalett, nye kontorløysingar samt tilpassing av romstrukturen for å styrke funksjonalitet, sikkerheit og arbeidsmiljø. I bankdelen skal eksisterande spiraltrapp fjernast, og etasjeskiljet skal lukkast.

Det skal gjennomførast fleire tekniske oppgraderingar i bygget: utskifting av ventilasjonsanlegg, etablering av nytt SD-anlegg for styring av ventilasjon, varme og lys, overgang til moderne LED-belysning, samt utskifting av brannsentral med bakoverkompatibel løysing. Nye brann­detektorar skal installerast både i ombyggingsområde og der himling vert endra. Elektriske installasjonar og jording skal oppgraderast, og det skal etablerast nytt jordspyd og hovudjordskinne. Sanitær- og varmeinstallasjonar blir ombygd med nye leidningar, sluk og teknisk utstyr.

Prosjektet inkluderer òg bygningsmessige tiltak for å lukke avvik i brannsikkerheit, basert på gjeldande analyser og oppdaterte løysingar i plan 1 og 2. Det skal etablerast nye himlingssystem, overflater skal oppgraderast i tråd med rombehandlingsskjema, og fleire tilstøtande konstruksjonar skal forsterkast eller fornyast etter teknisk behov.

Prosjektet vert regulert av konkurransegrunnlaget Del 1 og Del 2, teikningsunderlag samt mengdebeskrivelse etter NS 3420.

Tilldelningar i denna upphandling

Generalentreprise, Bankbygget i ÅmotA til Å Entreprenør AS2 september 202610 000 000 NOK

Relaterat

Uppgifter: Doffin (DFØ) | Bearbetning: Tilldelat (tilldelat.se) | Publicerad i Doffin 15 april 2026 | Originalannons